Aktuelt

– Å byggje ein trygg relasjon til barn og familiar er viktig fordi dei ofte er utrygge og har opplevd mykje mistillit.

Aina Basilier Vaage er overlege ved Transkulturelt senter, Stavanger universitetssjukehus. Ho førelas nyleg på ein fagdag med fokus på flyktningar i regi av RVTS Vest og Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU), kor alle dei barne- og ungdomspsykiatriske avdelingane (BUP) i Helse Bergen deltok.

Vi spurte Aina B. Vaage og Patrick O’Loughlin, psykologspesialist ved RVTS Vest, om kva som er viktig når det gjeld BUP og deira arbeid med barn og familiar som er flyktningar og asylsøkjarar. Sjå video.

– Det handlar om å ikkje vere så redd for å gå i gang med dette, for vi har allereie dei viktigaste redskapene i bunn, seier Aina. – Om ein har ein trygg relasjon til barn og foreldre så kan ein bruke element frå mange ulike metodar, men med utgangspunkt i ein trygg relasjon då dei vi møter ofte er utrygge og har opplevd mykje mistillit. Mange seier at dei kan så lite om kultur, men dersom vi tenkjer at kultur er viktig – så kan ein jo spørje foreldre og barn om kva dei tenkjer at vi treng å vite om deira kultur.

– Det er også viktig å bruke våre eigne erfaringar frå liknande arbeid, seier Patrick. – Det å tenkje at det også er utfordringar med kulturforskjell om ein kjem frå ein annan del av Noreg gjer at dette arbeidet ikkje treng å vere så «mystisk».

– Men det kan vere skummelt å gå i gang med dette arbeidet når det gjeld språk og at vi må nytte tolk, seier Aina. – Men dette er noko som lar seg gjere. Vidare seier ho, – dette er eit felt som tåler at vi ikkje har alle svara og at vi ikkje alltid kan gjere så mykje. Men vi skal gjere det vi kan og det er veldig elementært i mange tilfelle.

Patrick har erfaring med at arbeidet med flyktningar er utfordrande, og at det å jobbe på tvers av tenester er viktig. Han spør Aina om korleis ho har sett dette i sitt arbeid.

– Eg er heilt samd, og tenkjer at vi må flytte ut av «Elfenbenstårnet» og vere der flyktningane er. Det er dei vaksne som er bekymra for borna vi skal ha i tale, og då må vi gjere ting på ein litt ny måte; Vi må samarbeide med dei etatatar som er interessert i å samarbeide med oss.

Relatert

– Kunnskap om smerter og kultur er viktig for at vi som helsearbeidarar skal gjere ein god jobb

Oppstart av kursdagar om traume

Kulturformuleringsintervju – Et klinisk verktøy i tverrkulturell kommunikasjon

Kommunikasjon via tolk i helsetjenesten (E-læring)