Aktuelt
Vi har fått to nye medarbeidarar ved RVTS Vest; Pia Theisen og Reidar Thyholdt.
Kva skal dykkar arbeidsoppgåver vere her ved senteret?
Pia: – Eg skal jobbe med eit kompetansehevingsprogram innan traumeforståing og traumebehandling for DPS i Helse Vest. – Dette gjeld både type I og type II traumebehandling, det vil seie enkelte og isolerte traumehendingar like mykje som tidlege langvarige hendingar.
– Eg skal ha fokus på stabiliseringstiltak innan traumebehandling; at ein kan få betre handsaming av kjensler, impulsar og mellommenneskeleg fungering. Kompetansehevinga skal skje i form av ei kursrekkje på DPS-nivå.
Pia er opprinneleg tysk og utdanna psykolog ved universitetet i Hamburg. Ho har tidlegare jobba innan psykisk helsevern med psykose, personlegdomforstyrringar og traumer, både i Helse Fonna og Helse Bergen. Ho har erfaring frå 2. og 3. linetenesta. Pia er i tillegg sertifisert EMDR-terapeut og har vidareutdanning i behandling av strukturell dissosiasjon av personlegdom hos Ellert R.S. Nijenhuis. Ho held på med ei vidareutdanning i metakognitiv terapi.
Reidar: – Eg skal ha ansvaret for at det vert laga ei opplæringspakke basert på Helsedirektoratet sine rettleiarar «Veileder for psykososiale tiltak ved kriser, ulykker og katastrofer (2011)» og «Veileder om ivaretakelse av etterlatte ved selvmord (2011)».
Målgruppa for denne opplæringspakken er medlemmar av dei kommunale psykososiale kriseteama i region vest, samt familievernkontora i region vest. Opplæringspakken skal gjennomførast i løpet av 2012 fram til sommaren 2013.
Reidar er utdanna psykolog. Han har jobba med organisasjonar og arbeidsliv, barne og ungdomspsykiatri samt mobbeførebyggjande arbeid i skulen.
Meir informasjon kring kompetansehevingsprogrammet og opplæringspakken vil etterkvart komme på våre nettsider
DPS’ar som er interesserte i å vere med i kompetansehevingsprosjektet han henvende seg til Pia Theisen på pia.maria.theisen@helse-bergen.no eller telefon 55 97 72 42
Dersom ein har spørsmål i samband med opplæringspakken, kan ein kontakte Reidar Thyholdt på reidar.thyholdt@helse-bergen.no eller telefon 55 97 66 91
Legg igjen en kommentar
Du må være innlogget for å kunne kommentere.
Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.