TRYGG

TRYGG – eit program for å vaksinere kommunen mot vald

Arbeid for å førebyggje og bekjempe vald i nære relasjonar krev ein samordna innsats, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Heilheitleg hjelp til utsette for vald i nære relasjonar krev tverretatleg samarbeid.

T idleg oppdage og intervenere
R isikovurdere slik at dei som treng det får rett hjelp til rett tid
Y te maksimalt for å hjelpe
G jennomgåande tiltak som er forankra på tvers av tenester
G rundig, sikre ein forpliktande og langsiktig innsats mot vald

girl-919048_640
Illustrasjonsfoto: pixabay.com

Målet med TRYGG

  • Vi ønskjer å skape eit heilheitleg hjelpe- og behandlingstilbod slik at vi får ein best mogleg samordna innsats for å avdekke vald i nære relasjoner.
  • Vi ønskjer å bidra til å sikre valdsutsette best mogleg beskyttelse ved slik avdekking.
  • Vi ønskjer å sikre valdsutsette best mogleg oppfølging ved hjelp av samordna intervensjonar.

Programmet går over 5 heile dagar og 5 halvdagsseminar, der ein går gjennom følgjande tema:

1. Vald i nære relasjonar
2. Traumatisering
3. Æresrelatert vald, kjønnslemlesting og tvangsekteskap
4. Vald mot eldre, vald mot vaksne funksjonshemma
5. Hjelp til hjelparar, korleis møte vald og alvorlege belastningartilsette opplever i sitt arbeid

Etter eitt år vert ei kommunal ressursgruppe etablert på tvers av tenester, som RVTS Vest deltek i. Målet er at desse personane skal vere ressurspersonar for kommunen og på sikt kunne halde undervisning og refleksjonsgrupper om vald for kommunen sine tilsette.

Geir Olsen

Spesialkonsulent, nestleiar
Telefon: + 95 27 67 29
Del dette: