Aktuelt
Med mål om å etablere behandlingstilbod til valdsutøvarar
- 20/11/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Sinnemestring
Vi skal gjennomføre ei ny runde opplæring i Brøset sitt sinnemeistringsprogram.
Vi er i gang med å rekruttere fagpersonell til opplæring i sinnemeistringsprogrammet Brøset, med målsetjing om at det skal etablerast nye behandlingstilbod til valdsutøvarar i region vest.
Programmet skal lære valdsutøvarar alternative måtar å handtere sine valds- og aggresjonsproblem på. Programmet vert nytta av ulike tenester og aktørar som er i kontakt med valdsutøvarar.
RVTSane skal bidra til at modellen vert spreidd systematisk og forankra i tenesteapparatet i dei respektive regionar, og at alle aktuelle tenester og tilsette får opplæring.
Praktiske opplysningar
Utdanningsprogrammet er støtta av Helsedirektoratet og det er inga kursavgift.
Utgifter i samband med reise og overnatting må betalast av deltakarane.
Det bør delta minimum to behandlarar (helst kvinne/mann) frå kvar eining som skal drive
gruppebehandling. Det er og utarbeidd manual for individualbehandling.
Leiinga ved din arbeidsplass må legge til rette for at det vert iverksett ei behandlingsgruppe ved ditt tenesteapparat i utdanningsperioden. RVTS Vest kan bistå i samband med organisering og oppretting av gruppetilbodet.
Undervisninga er godkjent av Norsk psykologforening som 72 timar vedlikehaldsaktivitet.
Følgjande datoar er satt av til undervisninga i Bergen, i RVTS Vest sine lokaler i Ulriksdal helsepark:
Samling 1: 26.-28.01.16 Samling 2: 15-17.03.16 Samling 3: 25-26.05.16 Samling 4: 7-8.09.16 Samling 5: 12-13.10.16 Samling 6: 29-30.11.16
Påmeldingsfrist er 10. desember
Du melder di interesse ved å melde deg på elektronisk. Du er imidlertid ikkje garantert plass. Vi vil komme med ei tilbakemelding om deltaking etter at påmeldingsfristen er ute. Dette på grunn av føringar i samband med mulighet for implementering ved arbeidsplassen din.
Elektronisk påmelding
Last ned brev til aktuelle tenesteapparat i helsesektoren for utfylljande informasjon om utdanninga og innhaldet i undervisninga.