Kompetanseheving for helsestasjon

Som tilsett ved helsestasjon møter ein mange barn, unge og foreldre. Nokre av desse har vore eller er utsatt for vald, seksuelle overgrep og omsorgssvikt. Det er viktig at helsestasjonen har kompetanse og tryggleik i møte med barn og foreldre som er traumatiserte.

Foto: pixabay

Mål for kompetansehevinga

  • Kompetanse om vald og traume
  • Kjennskap til samarbeidspartnarar og instansar i kommunen
  • Kjennskap til eiga rutine for handtering av valdssaker
  • Kompetanse om kultur og arbeid med familiar med etnisk minortetsbakgrunn
  • Tryggleik i samtalar

 

Innhald

 

Dag 1: Fagdag om vald og traume

Dag 2: Arbeid med familiar med etnisk minoritetsbakgrunn

Dag 3: Samtale med barn. Praktisk øving

Dag 4: Presentasjon av samarbeidspartnarar. Rutine for samarbeid

 

Rettleiing

Det vert lagt opp til rettleiing under/etter opplæringa.

 

Les nettsaken Alle helsestasjonar i Bergen kommune skal få kompetanseheving om vald og overgrep. 

Linda Kvalvik

Spesialkonsulent
Telefon: + 47 98 68 83 94

Logg inn

Lukka område for dei som deltek på programmet. Her finn du presentasjonar frå undervisning og anna informasjon knytt til undervisninga.
Del dette: