Møter du asylsøkjarar og flyktningar i ditt arbeid? Dei lever under spesielle livsbetingingar – Kunnskap om dette er avgjerande for å gi god hjelp. Ressursportalen flyktning.net er open og tilgjengeleg for alle.
Vi håper at portalen vil vere til nytte for dei som prøver å skape tryggleik for menneske i ein sårbar livssituasjon. Variasjon i asylankomster til Noreg inneber ein stadig opp- og nedbygging av mottakskapasiteten og dette påvirker også kompetansen på feltet. Stabil og lett tilgjengeleg kunnskap om psykososial oppfølging av asylsøkjarar og flyktningar er difor avgjerande.
Portalen er utarbeidd for frivillige, kommunalt tilsette, spesialisthelsetenesta, tilsette i mottak og andre som i sitt arbeid møter asylsøkjarar og flyktningar. Vår målsetjing er at alle skal kunne finne relevant informasjon i flyktning.net.